Jordboka

  • Kr. 348,00

  • Eks. MVA: Kr. 348,00
 (0 omtaler)
- +

Jordboka

“det fantastiske universet under føtene våre”

"Det aller meste me har gjort, tenkt og trudd om å dyrka jorda og om kva mold er og gjer, har vore feil og øydeleggjande. Det aller meste må forandrast. Mennesket veit eigentleg uhyre lite." Slik skriv professor og høgskulerektor Dag Jørund Lønning i Jordboka. Under føtene våre finst det eit univers så enormt, rikt og mangfaldig at det sprenger rammene for det me menneske er i stand til å fatta. I ei skei med matjord kan det finnast ein trillion levande organismar. I Jordboka møter du utrulege vesen med eineståande evner og eigenskapar, dei minste er titusendelar av ein millimeter, dei største fleire kvadratkilometer store. Dei er del av ekstremt intelligente økologiske samspel som er avgjerande for livet på planeten.

Jordboka er historier om menneske og mold. Om vart samspel og om brutal øydelegging. Først og fremst er dette likevel ei bok om håp. For nøkkelen til å løysa alle dei store utfordringar mennesket og planeten no står overfor kan visa seg å finnast i molda. Erosjon og tap av matjord, fallande produktivitet i matproduksjonen, klimaendringar. Ny kunnskap viser korleis menneske og livet i molda kan spela saman. Med både berekraft og veldig grøde som resultat. Visste du at verdas kanskje mest økonomisk produktive bønder verken pløyer, gjødslar, sprøytar eller lukar? Dei har i staden rekruttert den mest intelligente hjelp og teknologi som er å få tak i, universet i molda. Denne hjelpa er gratis og fritt tilgjengeleg for alle. I boka møter du desse bøndene og elles ei rekke nye idear og praksisar som kan endra både matproduksjon og mennesket sitt forhold til naturen for all framtid. Ein verkeleg grøn revolusjon er i emning.

Jordboka fortel korleis DU kan ta del. Dei populærvitskaplege essaya i Jordboka er skrivne for eit breitt publikum. Dei inviterer til djup refleksjon over kva vår menneskelege oppgåve kan vera i det store økologiske spelet me kallar natur.

  • ISBN: 9788269084603
  • Forfatter: Dag Jørund Lønning
  • Utgitt: 2017
  • Sider: 224
  • Kategori: Dyrking og Jordbruk
  • Språk: Nynorsk
  • Innbinding: Heftet

Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB).

Han har ein dr.philos – grad i prosessfilosofi / antropologi frå NMBU (2007), og ein cand.polit. i sosialantropologi frå UiB (1994).

Han har arbeidd som forskar, forskingsleiar og leiar ved fleire norske forskingsinstitutt.  Dei siste åra har han også vore knytt til EU-kommisjonen som ekspert på landbruk, bygdeutvikling, entreprenørskap og kulturarv.

Lønning har skrive ei lang rekke bøker og artiklar om det skapande mennesket og om det å utvikla garden og bygda nedanfrå.

Lønning vart kåra til Årets landbruksbloggar i 2014 og Årets bygdeprofil i 2015. Både i 2015 og 2016 stod han på Nationen og Bondebladet si liste over «Dei 100 mektigaste i norsk landbruk».

Han vaks opp på garden Lønning på Stord. Far var potetbonden og foredragshaldaren Per Lønning, og mor, Selma, var ein av pioneerane både lokalt og nasjonalt i bygdekvinnelags- og husflidslagssamanheng.

Saman med kona Anne-Mette og dei to borna Maia og Mikkjell har han opp gjennom åra drive som småbrukar både på Sotra i Hordaland, i Kviteseid i Telemark og i Skaun i Sør-Trøndelag. Dei seinaste åra har det vesle som er av fritid vore nytta til å drifta ein to måls staude- og kjøkenhage sør på Jæren. 

 

 

Skriv omtale

Merk: HTML støttes ikke!
    Dårlig           Bra
Captcha

Tagger: Litteratur

Relaterte Produkter