Jordboka II

  • Kr. 348,00

  • Eks. MVA: Kr. 348,00
 (0 omtaler)
- +

Jordboka II

“Nærare naturen, inn i det kompostmoderne”

"Moder Jord, Mother Nature, Jörð, Terra Mater, Pachamama, Gaia. Kjær mor har mange namn. Mange fleire enn dei kjende som er lista her. Ho – livgjevaren – dukkar opp i mange av verdas religionar og idésystem, og minner oss om at natur først og fremst er samanheng. At øydelegging av delar over tid øydelegg heilskapen.

At samtidsmennesket synest å ha gløymt dette, har sett planeten i alvorleg fare.

Molda er livet si aller viktigaste kjelde. Her er det på sitt mest intense, her bankar Gaias hjarte sterkast. Den viktigaste kampen for framtida vil står her.

Dette er kampen mot reduksjonismen, mot dei som vil byta ut naturen sitt mangfald med gift og monokultur. Dette er kampen for å vinna heilskapen og samanhengen tilbake. For å erstatta avstand med nærleik, for å gje mennesket ei produktiv rolle i naturen.

«Myggen», skreiv Nietzsche, «susar rundt overtydd om at han er sentrum i universet, og at alt anna liv er til for hans del». Det gjer mennesket og. Men til skilnad frå myggen har mennesket makt til å påtvinga alle andre artar sitt perspektiv på verda.

Der har me gjort. Og difor kneler planeten.

Dette er boka om korleis forholdet mellom menneske og natur må endrast radikalt om dei som kjem etter oss skal få oppleva ei grøn og levande jord. Me treng definisjonar av natur som inkluderer oss og gir oss produktive, naturbyggjande roller. Ein kan øydeleggja det som ligg utanfor ein sjølv, ikkje det ein sjølv er del av.

Men finst det rom for mennesket i naturen? I jakta på svar tek forfattaren lesaren med på ei filosofisk og praktisk oppdagingsreise ned i den levande molda og inn i ideane si verd:

Frå Nietzsche sine frigjerande tankar, til høgproduktiv grønsakdyrking med naturen som gartnar. Frå roseplanting i kvist, til dans og karbonfangst. Frå kompostering som filosofi og praksis, til kva den vesle bakterien i molda kan læra oss om livet sitt viktigaste prinsipp.

Jordboka II viser korleis me alle kan finna våre produktive og meiningsfulle roller i dei enorme endringane menneska må og skal gjennom dei neste tiåra. Boka stakar opp kursen ut av industrilandbruk og forbrukarsamfunn - og inn i den naturnære, kompostmoderne framtida.

Dette er ei bok om å bytta side. Om å gå på lag med Gaia. Før det er alt for seint.

- I det tradisjonelle bondesamfunnet komposterte me fordi me måtte bruka alle tilgjengelege ressursar for å overleva.

- I det moderne industrisamfunnet skulle me «kvitta oss med den gamle driten». Gift og kjemisk framstilt gjødsel fortrengde det organiske og naturnære.

- I det postmoderne vart me individualiserte forbrukarar. Bruk og kast rådde. Me skulle gjera det me var interesserte i og hadde lyst til.

- I den kompostmoderne framtida må me igjen kompostera. For å redda planeten og livet i molda. Å kompostera er å setja saman på nytt. Alt må no setjast saman på nytt. Også forholdet vårt til naturen.

  • ISBN: 9788299779616
  • Forfatter: Dag Jørund Lønning
  • Utgitt: 2019
  • Sider: 261
  • Kategori: Dyrking og Jordbruk
  • Språk: Nynorsk
  • Innbinding: Heftet

Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB).

Han har ein dr.philos – grad i prosessfilosofi / antropologi frå NMBU (2007), og ein cand.polit. i sosialantropologi frå UiB (1994).

Han har arbeidd som forskar, forskingsleiar og leiar ved fleire norske forskingsinstitutt. Dei siste åra har han også vore knytt til EU-kommisjonen som ekspert på landbruk, bygdeutvikling, entreprenørskap og kulturarv.

Lønning har skrive ei lang rekke bøker og artiklar om det skapande mennesket og om det å utvikla garden og bygda nedanfrå.

Lønning vart kåra til Årets landbruksbloggar i 2014 og Årets bygdeprofil i 2015. Både i 2015 og 2016 stod han på Nationen og Bondebladet si liste over «Dei 100 mektigaste i norsk landbruk».

Han vaks opp på garden Lønning på Stord. Far var potetbonden og foredragshaldaren Per Lønning, og mor, Selma, var ein av pioneerane både lokalt og nasjonalt i bygdekvinnelags- og husflidslagssamanheng.

Saman med kona Anne-Mette og dei to borna Maia og Mikkjell har han opp gjennom åra drive som småbrukar både på Sotra i Hordaland, i Kviteseid i Telemark og i Skaun i Sør-Trøndelag. Dei seinaste åra har det vesle som er av fritid vore nytta til å drifta ein to måls staude- og kjøkenhage sør på Jæren.

Skriv omtale

Merk: HTML støttes ikke!
    Dårlig           Bra
Captcha

Tagger: Litteratur

Relaterte Produkter