Kompostboka "Om å byggja natur"

  • Kr. 348,00

  • Eks. MVA: Kr. 348,00
 (0 omtaler)
- +

Kompostboka “Om å byggja natur”

Frå dei tidlegaste tider har mennesket drøymt om «Den løyndomsfulle hagen». Paradiset der alt veks, der fuglar syng, bier summar, froskar kvekkar, sommarfuglar leikar seg og sola alltid skin. Det å kompostera hjelper deg diverre ikkje med det siste på denne lista, men så absolutt med alt det andre.

Med kompost som materiell, vert du Gaia sin eigen bygningsarbeidar. Du fornyar hage og åker på same måte som ho fornyar alt levande. Du kan skapa eit veldig mangfald av liv rundt deg. Kompost er nøkkelen til å låsa opp den magiske verda du trudde var tapt for alltid, eller forvist til fabel og eventyrbøker.

Du byggjer nedanfrå og opp med kompost. Slik naturen alltid har vore bygd. Frå dei talrike små til dei store få. Urørt mold som blir tilført kompost, inneheld eit uhyre rikt og fullverdig økosystem. Dette systemet både lagrar karbon og skaper enorme mengder med mangfaldig næring til plantelivet. Å kompostera er difor noko av det viktigaste me kan gjera i kampen mot klimaendringar og tap av biologisk mangfald.

Med kompost kan du over tid få det meste av plantar, både «ville» og «tamme», til å trivast. Du kan nå det punktet der «alt» veks av seg sjølv. Eigedomen din blir også eit eldorado for fuglar, pollinerande insekt og snigleetande amfibiar.

Din hage kan så absolutt bli Den løyndomsfulle hagen. Følgjer du råda i denne boka, vil du vera på god veg dit.

Kompostboka er ein leik med små og store idear og ressursar. Den handlar om hagen og åkeren, men også om dei store utfordringane menneskja og planeten står overfor. Det er ei bok om sjølve livet. Om mennesket i naturen. I dag og i morgon.

  • ISBN: 9788299779630
  • Forfatter: Dag Jørund Lønning
  • Utgitt: 2020
  • Sider: 232
  • Kategori: Dyrking og Jordbruk
  • Språk: Nynorsk
  • Innbinding: Heftet

Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB).

Han har ein dr.philos – grad i prosessfilosofi / antropologi frå NMBU (2007), og ein cand.polit. i sosialantropologi frå UiB (1994).

Han har arbeidd som forskar, forskingsleiar og leiar ved fleire norske forskingsinstitutt. Dei siste åra har han også vore knytt til EU-kommisjonen som ekspert på landbruk, bygdeutvikling, entreprenørskap og kulturarv.

Lønning har skrive ei lang rekke bøker og artiklar om det skapande mennesket og om det å utvikla garden og bygda nedanfrå.

Lønning vart kåra til Årets landbruksbloggar i 2014 og Årets bygdeprofil i 2015. Både i 2015 og 2016 stod han på Nationen og Bondebladet si liste over «Dei 100 mektigaste i norsk landbruk».

Han vaks opp på garden Lønning på Stord. Far var potetbonden og foredragshaldaren Per Lønning, og mor, Selma, var ein av pioneerane både lokalt og nasjonalt i bygdekvinnelags- og husflidslagssamanheng.

Saman med kona Anne-Mette og dei to borna Maia og Mikkjell har han opp gjennom åra drive som småbrukar både på Sotra i Hordaland, i Kviteseid i Telemark og i Skaun i Sør-Trøndelag. Dei seinaste åra har det vesle som er av fritid vore nytta til å drifta ein to måls staude- og kjøkenhage sør på Jæren.

Skriv omtale

Merk: HTML støttes ikke!
    Dårlig           Bra
Captcha

Tagger: Litteratur

Relaterte Produkter

Sist Sett